lørdag 21. mai 2011

Kjære stauder.



Det har vert 2 fantastiske år, ganske forskjellige år der me alle utvikla oss i masse rare retninger. Eg starta her med ganske lite, men sitter att med overlast, og det har de 4 vert med på, det har vore chill, stress, nice, ok, sick, gøy, pinlig, random, sweet, rart, alt mulig… vanskelig å komme vidare nå.
Men det må me, ein stor verden av grusomme mennesker møter oss, me skal bli … vaksne… me skal studere og få oss jobb…. Ganske kjipt, skulle gjerne levd i folkehøgskulebobla litt til… eller eigentleg er eg ganske lei, men eg er liksom ikkje heilt klar.
Husk å hald saman, finn dei gode menneska og utnytt dei, ver kritisk, realistisk, reflektert, smart.
Eg er veldig glad me fekk blomstre i lag, de har vert fantastiske kollegaer, alle ting me fant på utfolda seg kjempebra, det var aldri noko mas, aldri noko press, me forsto kvarandres behov.  Masse omtanke. Nice.




Det har sikkert vert irritert på alle rare frekke ting eg sa, høg musikk, og vannpipe seint på natta, skitne korridorer, rare ting som skjedde på rommet ditt. Men nå er det endelig over, nå er eg borte, for alltid.  
og de

Er frie.



Jaja, Eg håper me sjåast igjen (ganske fjernt vist eg ikkje ser deg da Malin)




Kjære Magnus,

Nå er du endelig fri. 2 år i stress og mas, slit og  jævelskap, eg er glad du endelig kommer deg vidare. Og vist alt går under må du huske på att du klarte å overleve 2 år med meg, Eg ser ofte på meg sjølv (i litt ironi dog) som ein superkynisk person, ein menneskehater, men det er ikkje heilt sant, i løpet av året har du sikkert vert ganske irritert over alle tilfeldige rampestreker, rare og frekke kommentarer eg sa. Men eg meiner det ikkje vondt, og det har eg ein liten aning om att du veit. Det var ein gong på fylla ser du, eg veit ikkje om du hugser det, sikkert ikkje siden du alltid er ganske tard på fylla, men eg håper det er litt sant det du sa, ein laksen kveld, der eg starta å forvirre deg med masse bullshit, så kom det opp da: “ jaja Magnus du har overlevd to år med meg da” Og så momla du eitt lana som at du ikkje såg på det som spydighet og skadelig, du såg på det som eitt forbedringspotensiale, alt det rare eg sa tok du til deg og tenkte om, “ja da va kanskje litt teit, det burde eg hugse på”  det er jo ein ganske rar men veldig god eigenskap du har – ta til seg ting, sjølv om folk seier du er cocky, er ikkje det sant i det heile, du har utruleg god sjølvinsikt.
jaja
PS: når du snakker med folk prøv å halde samtalen relevant, historier om folk du kjenner er som regel ganske uinteressant vist det blir for mykje., det er aldri pinlig med ein liten stillhet, det er da du veit du kjenner folk, når du ikkje bryr deg lengre.

Eg kommer aldri til å gløyme alle rare ting du har gjort, og gjennom dei to åra her, korleis du alltid har hjelpt meg på forskjellige vis, sagt i frå når me skal til Bjørgan, tatt med tinga mine, masa på meg, osv. Du legger kanskje ikkje merke til det sjølv, men folk setter pris på det du gjer, men husk å ver ein egoist, du blir bare stressa vist du lar folk kontrollere deg, det er ikkje vits å vere slave. Det er bra du er såpass sosial, og klarer å snakke med rare folk utan att det er ubehagelig, sjeldan vare.  Husk å slapp av til neste år konsentrer deg om skulen, ikkje stress for mykje med ting du burde vere med på, som regel er det ganske bortkasta vist du ikkje har sjukt lyst, berre fordi ein du kjenner bedde deg med betyr det ikkje du trenger. Film mykje snowboard, last ned redigeringsprogram (kjøp deg pc?) du har eitt talent som kan blomstre. Tru meg å ha ein hobby er sjukt viktig.
Alternative hobbyer:
forfatter?
Folkekunst?
Sosiolog?
Psykolog?
Nei det er nok mest innanfor ekstremsporten du høyrer heime.
Skulle eigentleg skrive noko lurt, men eg fekk litt dårlig tid, blei mykje mas det her. Jaja.
Jepp nå trenger du ikkje sjå meg meir, nå er du endelig fri, lykke til med alt du finner på, aldri gje opp, eg trur du klarer det meste du brenner for, og kommer langt i livet vist du perfeksjonerer alt du gjer. (men å vere ein sta perfeksjonist er teit, må chille og vere fornøgd med det ein har og)



onsdag 18. mai 2011

The Technicolour Sleep

Heihei.

That's it that's all, nå gidder eg ikkje skrive meir på ein stund.

Dei siste dagane har vert ganske rare, det var heilt grusomt å vere att etter ein og ein av elevane drog, kynisk som eg er klarer eg ikkje å gråte, så står eg berre att med ein veldig tom følelse, savn og minner, eg høyrer lyder og ser folk overalt mens eg vandrar rundt i dei tomme internata.

Med ein slik tilstand blir eg veldig kreativ dog. Eg har skrive  veldig mykje, eg føler meg ferdig med denne “delen” det blir vanskelig å starte på att no, men det endte med ein fin “cliffhanger”

Eg merker engelsken ikkje var heilt på toppen mens eg skreiv, noen dialogar blei kanskje litt rare, men det kan eg fikse seinare.

Eg gleder meg veldig til å komme langt i rollespelet med ein god gruppe morosame karakterar, utfordringa blir å gjere speleranes karakterar viktige. Det kjem til å bli mykje meir utforsking når spelerane kjem klarer opp i ting. Men det er fleire titalls timer, mange slitne netter før dei når så langt.

Tid:

Søndag – måndag:  7 timer.

+ 59 = 66 timer totalt.

Hade!


fredag 13. mai 2011

The end of the beginning.

Hei blogg, lenge siden sist.
Kårni bloggtittel og :)

Vanskelig å skrive I det siste. Masse som skjer på skulen, grilling, chilling, reminiscing, rydding, loking, roting,  raring.... alt for varmt ute, har dratt på meg ein ganske ekkel tinnitus. Sitter litt fast. Marit seier eg har skrive meir enn nok, men eigentleg er dette berre starten, det skjer mykje meir etter Kapittel 4, det er da historia begynner å ta form, eg har så mykje I hovudet!
Eg føler meg ikkje heilt tilfreds, I tillegg har eg 3 andre rollespill å skrive om. Men eg kommer jo til å jobbe vidare til det er ferdig, gøy å ha noko kreativt kompleks å susle med, hjernetrim.  

Nå har eg endeleg fått prøve ut rollespelet! Det var utruleg artig, me satt I nesten 6 timer, me kom ikkje veldig langt dog, ikkje halvegs I kapittel 1 eingong. Det var vanskeleg I starten sidan ingen viste korleis ein skal spele, i starten var det typisk å prøve å forklare kva ein ser for seg i staden for å ha ein dialog. Men dei blei fort flinke å snakke, og det utvikla seg noen utruleg morosame og kompliserte scener. Spelerane var veldig flinke til å skrive karakterar, alle 4 skreiv nesten ein heil a4 side om personlighet, bakgrunn, etc. I tillegg var dei veldig omtenksame på korleis karakteren fungerer I ein kampscene. Typisk i starten er å lage enkle overflatiske karakterar med liten personlighet, best utvikla for kamp. I motsetning hadde  spelarane mine tenkte mykje på kva slags styrker og svakheter som er interessant I ein cyberpunk setting, kva som gjer han unik.  Alle 4 endte opp med ganske psyko-skadde karakterar med grusomme bakgrunner, vrangforestillinger, traumer, schizofreni og bipolare følelser.
Det passet veldig bra, det var interessant.
Den som spelte best var Martin, han var fort I gang med dialog, var veldig flink å acte, og hadde den mest sære karakteren. Han viste fort kva han ville gjere, sjølv om mykje var dårlig gjennomtenkt passet det veldig bra til hans karakter.  
Chris var og veldig flink å acte, improviserte veldig fort og hadde den mest vanskelige karakteren
Bjørnar og Natalia var litt meir anonyme men hadde veldig komplekse karakterar, dei trenger litt tid og rette situasjonar for å prege seg ut.
Det var ikkje nødvendig å bruke manus, men det var veldig vanskelig å starte sidan ingen torde å sei noko. Dei venta liksom til alt var tilrettelagt før dei ville handle, men det endra seg fort.  Det er vanlig å ha med minst 2 erfarne rollespillere når ein introduserer nye folk, slik att dei kan halde flyten, mens dei nye kan vente på smutthull.
Men eg syns dei takla det veldig fint, neste gong må eg prøve å presse dei litt meir, gå litt fortare framover. Det meste som skjedde var berre hektisk action scener, der det er lettare å acte, det blir ein utfordring å ha komplekse dialogar, sjølv om me nerma oss ein “tulle dialog” som varte 20 minutt, eg er vant med snakke-handle-utforske scener utan noe action som varer fleire timer, du må vere ganske god rollespille for å få det til, og det krevest ein del improvisasjon frå Spill-leideren.
Dessverre kom me ikkje til den delen der det er så mange elementer og variablar I verden at spelerane tar kontroll og lager handlingar  og historier ved å utforske,  det tar lang tid. Men me kommer til å fortsette med rolleselet I Oslo, der me får hjelp av erfarne spelere.  

Eg har og brukt tid på rettskriving av alt eg har skrive. Eg har begynt på kapittel 4 som utviklar seg ganske bra. Planlegginga av rollespelet går ganske fort sidan det meste er improvisert ut I frå det eg allereie veit Det som tok litt tid og strev  var å lage musikk lister, ordne ein komfortabel plass, skrive ut ark, og å planlegge korleis karakterane skal starte og møtest.


Tid:
Alt I alt har eg jobba  ca 5 timer med skriving, og 8 timer med heile rollespel sesjonen.

+ mai - 40
+ april - 4

= 57

Yeeey, going 100?



Update:
argh, når eg rettskrivde klarte eg å slette halve campaignen, faen! Men heldigvis er alt eg endrer lagra i backup, så det var bare å gå tilbake og kopiere over, MEN

Backupen var skrivd i html code, aaaaargh, det gjorde alt betraktelig vanskeligare, masse koder som måtte skrives inn etter kvar bold, italian, header, link, break, list, outline, indent,
Og wysiwyg er noe drit, fult av feil, tilfeldige gjømte koder som plutseleg dukker opp og gjømmer skrift, settter det på feil plass med rare utforminger.

tok 2 timer ekstra, men det er jo noe av det eg skal drive på med til neste år, så det er bare nyttig erfaring.

lørdag 2. april 2011

derp?

Heihei.


Yey, nytt design på wiki.
Har lagd ein veldig passende spilleliste med rollespill stemningsusikk
Nå er kapittel 3 ferdig, ein litt dramatisk avslutning.
Elycum history er og skrivd, og litt om reavers.
Tid - 4 timer

http://antinos.wikia.com/wiki/Elycum_Masters_campaign#Chapter_3:_The_hunt
http://antinos.wikia.com/wiki/Elycum#History:

Artig å få inn meir karakterutvikling ettersom historien utvikler seg, det er mykje bedre når du bryr deg om personer. Men dei som er med i rollespelet skal gjerne vere veldig viktige hovudkarakterer.
.
Siste dagen før tur, veit ikkje om eg gidd å skrive.
bli gøy å få prøvd ut rollespelet i ferien.

Meen eg må skrive kapittel 4 og 5, og det blir veldig heftig,
 Teaser inc!

 romskip, liv fra før katastrofen, flora og vann, mord, intelligente bugs har syke planer, opprør,

mandag 28. mars 2011

Peradventurous adventure.

Vær hilset, blog.

Veldig provisoriske desse dagene som har vert.
Overalt er det masse substanser i dens alternative form.
I slike tilstander blir eg veldig dellusional og blandishmental, eg tyr til min egen bailwick, og synker dypt inn i de mørke renons.
Og som vanlig blir eg på ein måte inspirert og facetious, og får ein cacoethes til å skape koder av 0 og 1 som ein komputer reformer til forståelige objekter.

Ein orotundisk karakter har kontaktet meg gjennom matrixen av difus informasjon og spurt meg vennlig; loggen skal være ferdig innen kl 10 på mandag og inneholde timetall.

Eg blir litt forvirret før eg setter meg ned, kva slags betydning har tid og rom i ein slik abscondisk dimensjon. Men ok, eg prøver mitt beste:

Pre vinterferie:
5 timer : generell informasjon om elementer i Elycum verden, kort om campaign, mye tanker, lite skriving.
Uke 1:  8 timer: setter opp wiki, blogg, dypere inn i campaign, og alle elementer, masse redigering.
Uke 2:  10 timer  Masse campaign, litt overalt, redigering og rettskriving.
Uke 3:  11 timer: Enda meir campaign, jobber med tidsrom, forskjellige elementer i verden, karakterer.
Uke 4: 6 timer:  Campaign, skrivd bakgrunn til hovedkarakterer, nytt kapittel.

= 40

Så denne uka har eg da skrivd bakgrunn til karakterene Nova, Avon, og Mal, Eg har begynt på kapittel 4, og skriver vel videre på det denn uka.

Hade.

mandag 21. mars 2011

Yawn

Hei blogg.

I helga har eg faktisk klart å klemme inn ein del tekst, så nytt kapittel, og ny del av historien starter.
Timer jobba:  5 timer over helga ca. 

Begynner å bli bedre kjend med karakterer og. Nova, Avon, Mal, og James er oppdatert.
Har eigentleg ingen inspirasjon nå... kanskje heltene er tvunget til å dra på formelt ball når dei vender tilbake.

Eg lurer på om historien er lett å sjå for seg. Det er jo ein del elementer som eg har heilt klart for meg, men ikkje har skrivd ned...

Rart eg fortsatt har vondt i beinet... jaja nå har eg fått nye hodetelefoner, så da blir det super nice å skrive.

onsdag 16. mars 2011

psycho psycho

Hei blogg.


Eg blir meir facinert over dei uendelige moglegheitene rundt det menneskelige sinnet, eg elsker psykologiske funskjoner, shizofreni, illusjoner, paranoia, bedrageri, traumer, psykopater.


Psycho horror er interesangt. 


Karakterene utvikler seg meir ettersom eg skriv og, eg har skrivd litt på Nova, James, og Avon. Legger det opp i morgo, nå er eg trøtt, vil ikkje få ............. INSOMNIA!


Kapittel 3 er oppe.
Ja, blei liksom ein lang scene i byen. Men mye info, mye viktig. 


Eg har lyst att det skal vere mange alternative små historier som kan foregå.

men eigentleg kan alt slikt improviseres veldig lett. Må bare gjere tanker om kva som er interesangt. Det er ganske kjekt med så mykje informasjon skrivd ned. Eg er vandt til å sjå for meg alt, imrpovisere alt. ha masse informasjon i hodet, men ting blir aldri som det skal, og ting blir gløymd. 



Anngående tid på arbeid er det litt vanskelig å sei.... eg byrja i dag rundt kl 20 og jobba fram til kl 1.... 5timer , men jobba ikkje konstant.  På mandag skreiv eg heilt fra lunsj til kvelds..... 6 timer...  ting tar tid, men eg orker ikkje tvinge meg sjølv til å jobe, det er ganske koslig når det plutseleg bare detter ut masse rart.




I morgo drar endeleg heltene UT AV BYEN.


Eg må og rette litt skrivefeil etterkvart. skulle hatt office. Natalia og Chris har hjelpt meg litt dog, men dei kan ikkje vite historien ettersom dei skal vere med.






mandag 14. mars 2011

All work and no play makes Jørg a dull boy.

Hei logg, lenge siden sist.

For ein helg!
eg fekk endeleg det nye snowboardet mitt som var som ein berg og dal bane inn i deep space and beyond.
Artig freeride dag i bjørgan, koz hestekveld med film ...... slosskamper på laksen.... eg har øydelagt venstre hæl, og sprukket opp leppa. hinker rundt som ein gammel man med farlige sjukdommar. Kvifor eg hoppa ein gong til etter å ha dette fritt fall .. 6 meter skjønner ikkje eg. Med så mykje adrenalin kjenner du ikkje du har det vondt og alt blir bare gøy.
Må bruke ein del adrenalin i rollespelet, kanskje noen blir adrenalin junkies.
Føler meg som ein fallen ridder etter eg hoppa med kappe og sverd, best stil vant eg dog, ein fin kniv var premie.

Eg er veldig fornøgd med karakterena Mal, Avon, og Nova som bare blir djupare for kvar gong eg skriver.
I dag har eg skrivd litt overalt, Glossery er opdatert, eg har lagt til Chapter2, redigert chapter1, skrivd meir om Mal, lagt rundt linker i heile Wikien, Eg skriver litt om forskjellige oppdrag spelerane kan gjer, eg har store planer rundt hoved karakterene. Ein ny karakter fra fortiden dukker opp, Insektene er meir organisert enn noen kunne ane, grusomme oppdagelser rundt ein nabo by gjøymd i ein klippe dal, mens heltene er vekk skjer det forandringer i byen. Det skjer store ting framover.

Eg vil gjerne att ein av spelerne skal komme fra framtiden og vakne opp fra ein nedkjølt draume tilstand, eg har planer om ein slags psykedelisk horror oppvekking. Eitt søtt mega skrukketroll blir hans nye venn :)
Eg syns det er veldig artig å trekke inspirasjon fra virkeligheten og andre medier.

Eg har og lyst å lage puslespill og vanskelige situasjoner der spelerne må virkelig tenke seg om. 


Det er kjedelig å vere sjuk og skadd, eg vil stå på brett igjen! Men, eg har skrivd mykje i dag, og føler meg kreativ, fortsetter i kveld.

onsdag 9. mars 2011

Inspirasjon.

Hei logg.

Inspirasjon kan komme fra det meste, i dag var eg i ski trekket og sto på brett, eg tok på meg ein gul gotisk kappe, og eitt sverd. Eg hoppa på det store hoppet, og fekk litt tid til å tenke over ting.

Og tanken skøyt meg.
Imens eg var på veg.
Kva med ein science fiction knight?
Always serving that which is right.
Ingen lasersverd, det er domt
I sparegrisen er det tomt
Motorized sverd, kanskje litt nerd
energi skjold, liker vold
Naiv og godsnill, men kan han chill?
Nano, biotech armor! gravity boots! jetpack! Astral projected wolf pet!  .............. nei, nå tar det heilt av, han må ha stil, han skal vere veldig dumheroisk, og lide for det. Eg liker onde psykopater. Han skal bli gjennomlurt. 

 Det er litt rart å halde orden på ein wiki side, var litt meir jobb enn eg trudde, men det er ganske gøy.  
Artig å ha litt unik egenprodusert art og.

tirsdag 8. mars 2011

Logg

Hei logg.
Endelig blei du født, velkommen til min verden.

Eg må prøve å få ferdig Elycum prosjektet først siden det er det eg brenner mest for.

Vil sei eg har leika i Elycum i 20 gode timer, med 3 faste og 4 andre spelere.
 Det er viktig å utvikle karakteren din, og eg har lært å kjenne medspeleranes karakter godt, men for hensikten av att dette skal vere ein meir eller mindre "nøytral" wiki, må eg utelukke historien me har skapt, og starte på nytt. Det skal bli veldig artig å sjå om historien blir heilt annerledes eller går i samme fotspor, med nye spelere.

Når eg starter rollespelet må eg prøve å få historien i gang veldig fort, men det er fortsatt viktig med ein introduksjon der du lærer å kjenne din karakter. Eg fekk og god erfaring med å gå rett inn i "adventure action mode" istadanfor å tvinge på spelerne ukonfortabel dialog med ein gong.
Det er lett å acte i ein kamp situasjon, det er lett å finne ut om du vil vere heroisk, dristig, offensiv, slu, pyste osv uten å måtte sei så vedig mykje. Og vist du avskyr din karakter  kan du skulde på stress, og forandre deg fort.


I dag må eg begynne å utdype karakterene, siden eg har allerede spelt med NPC ane (non playable character) så kjenner eg jo dei allereie, det er viktig å ha noen karakterer på lur, men det er og gøy å improvisere karakterer on the go, det er slik mange fantastiske figurer har blitt skapt.
Eg har og tenkt å la spelerane få lov å kontrolere fleire karakterer, og bestemme deires skjebne sjølv, men må og ungå at dei blir brukt som skjold for spelerens tabber.
Siden det er ein veldig farlig verden, må eg ha klar ein siste utveg, det er kjipt å døy. Eg må og planlegge korleis flaks skal fungere, ein kan og sjå på spelerne som helter, noen gonger skjer det heroiske ting som hjelper dei ut av dødlige scenarioer.
Eg tenker at spelerne kan få hero points som du kan bruke i situasjoner der du vil at karakteren skal gjere noko utrulig uansett kor usansynlig det er. Ut fra erfaring er det meir artig å gje speleren lov enn å nekte, det trenger ikkje vere altfor sannsynlig, spelerane er tross alt Super humans.

Må skrive litt før eg legger meg. Hade.